# Kjeldebruk

God forsking bygger vidare på eksisterande kunnskap; det er dette me kallar kjeldebruk. Når du skriv akademiske tekstar blir det venta at du viser til gode kjelder. Utan bruk av relevant kunnskap, står oppgåva di på bar bakke.

Video thumbnail

# Kvifor skal ein referere til andre sitt arbeid?

Å skrive akademisk er å delta i ein samtale der kjelder viser til andre kjelder. Kva kjelder som er best å nytte vil variere frå fag til fag og frå oppgåve til oppgåve. Aktuelle kjelder kan vere alt frå bøker og artiklar til ulike nettsider, nyhende og kart. Bruk problemstillinga til å orientere deg, og snakk gjerne med rettleiar, medstudentar og andre fagfolk for å finne ut kva kjelder som er gode innan ditt fagfelt.

Undervegs i oppgåva di skal du nytte kjeldetilvisingar. Kjeldetilvisinga viser lesaren vidare til referanselista, der ein finn fullstendig informasjon om opphavsperson, årstal og utgjevar. Dette gjer det i sin tur mogeleg for lesaren å finne kjelda.

Nøyaktig dokumentasjon av kjelder gjer lesaren i stand til raskt å:

  • finne tilbake til kjeldene
  • kontrollere fakta og etterprøve resultata
  • setje seg inn i emnet

Når du viser til og bruker kjelder i oppgåva di, bruker du andre sine verk. Det er viktig at du lærer deg korleis du kan bruke desse utan at det kjem i konflikt med gjeldande lov om opphavsrett (opens new window).

Korrekt føring av referansar er òg avgjerande for å unngå plagiat (opens new window).

Bygg inn
<iframe
  src="https://sokogskriv.no/kjeldebruk/"
  width="900" height="600" style="overflow: hidden;" />
Oppdatert: 27. juli 2022